I leksjonen om design får ein nyttig informasjon om ulike moment ei nettside kan innehalde. Desse momenta kan ein også ta i bruk for å kunne vurdere nettstadar og det er det eg kjem til å gjere i dette innlegget. Eg har valt å ta føre meg nettstaden NRK super som er ei nettside for barn. Her vil eg sjå på moment som tittel, nøkkelord, kontrast og fargar.
Tittelen NRK Super.no er lett å finne fram til. Den har nettadressa nrksuper.no og er meiningsbærande i den forstand at den heiter det same på nettet som på tv kanalane. Nøkkelorda er plasserte oppe og er lettleslege og oversiktelige. Dei er delt inn i seks hovudkategoriar og er plasserte i frå venstre mot høgre. Under denne rada har ein også plassert ti nøkkelord til som eg oppfattar som litt mindre viktige. Det er også blitt tatt i bruk konktrastfargar som til dømes svart skrift mot kvit bakgrunn eller lyse - blå bakgrunn med fargerike nøkkelord. Stor skrift mot liten er også å finne, noko som gjer det lett å merke seg overskriftene. Nøkkelorda har også ulike fargebokser som kan vere med på forsterke identiteten til det aktuelle emnet. Det fungerar også godt til å skille mellom dei ulike emna. Nettstaden er også barnevenneleg med tanke på at det er blitt tatt i bruk ein del fargar og bilete av figurar.
Viser innlegg med etiketten DKL 104. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten DKL 104. Vis alle innlegg
søndag 29. april 2012
Lydproduksjon
På samlinga om lydproduksjon lærte me om podcast som medieform. Her blei eg meir bevisste på kor viktig oppbygging av ei historie er og kor viktig verdi lyd som verkemiddel kan ha når ein lyttar eller lagar ein podcast. Etter denne samlinga fekk eg og gruppa mange gode idear på korleis me kunne jobbe vidare med arbeidskrav 1.
DKL 104 podcast: Denne koblinga viser ein link til podcasten som eg og gruppa har laga. Podcasten er ei lydfil til DKL studentar og lærarar på ungdomskulen. Vi prøver å kome med tre konkrete og ulike tips på korleis facebook kan vere med på å betre mediedanninga til ungdommar på ungdomskulen.
Det å lage ei samanhengande lydfil i gruppe er svært krevande, men lærerikt. Under denne prosessen forstod me blant anna kor viktig det er å ha ein god ide og eit detaljert manus tilgjengeleg. Det å samkjøre dei ulike episodene var noko som me såg på som utfordrande. Me blei difor etterkvart oppmerksomme på kor sentralt det er å ha problemstilling og produktmålet klart for å kunne få til dette.
Avisproduksjon
I leksjonen om avisproduksjon har eg jobba med sjangrane nyheits -og feutureartikkel og i arbeidskrav oppgåva om nettavis fekk me i oppgåve å skrive ein av desse to sjangrane. Sjølv om eg las meg godt opp på desse to sjangrane og skreiv stikkord som kjenneteikna desse så hadde eg likevel problem med dette. Eg prøvde meg på artiklane "en smakebit på den digitale verden" og "engelsk (som underholdningsspråk) - nøkkelen til den globaliserte verden" som er publisert på denne internettsida; DKL- posten.
Eg vil difor i dette innlegget skrive kort og konkret kva ein nyheits - og feutureartikkel skal innehalde. Eg vil også prøve å knytte dette litt opp mot mine artiklar.
Ein nyheitsartikkel har ei kort overskrift der hovudpoenget blir presentert. Ingressen skal så gje ei kort oppsummering av innhaldet. Setningane skal vere i presens og kortfatta. Ein slik artikkel handlar også om noko som nettopp har skjedd eller vil skje. Det viktigaste kjem først og det minst viktige til slutt. Dette blir også kalla den omvendte pyramida.
I artikkelen "engelsk (som underholdningsspråk) - nøkkelen til den globaliserte verden". Prøvde eg å tenke over desse momenta som nemt i avsnittet ovanfor. Eg hadde ei kortfatta overskrift, og prøvde å skrive ein artikkel etter den omvendte pyramida.
Ein featureartikkel har ein meir personleg preg. Journalisten er ofte til stade der det skjer og informerer om eit emne. Den kan appelere til kjensler og fortel ei historie til lesaren. Eit featurebilete fortel ikkje det same som teksta og har meir enn to bilete i teksta.
I artikkelen "en smakebit på den digitale verden" prøvde eg nettopp å ha fokus på dette, sjølv om tilbakemeldingane på arbeidet mitt ikkje var like gode. Eg prøvde å ha fokus på å appellere til lesaren når eg tok bilete av barnet. I ettertid ser eg at artikkelen min kanskje ikkje var så personleg. Eg skreiv på ein objektiv måte og var ikkje direkte til stade.

tirsdag 27. mars 2012
Fokus
Produktmål:
Vi har laga ein film som opnar for refleksjon og samtale omkring det å halde rett fokus i arbeidet i skulekvardagen.
Vi har laga ein film som opnar for refleksjon og samtale omkring det å halde rett fokus i arbeidet i skulekvardagen.
Denne filmen er laga av meg, Mariann, Helge og Kristian. Filmen handlar om skuleeleven Nils som slit med å halde fokus på skulearbeidet i undervisninga. Gjennom filmen får ein sjå konsekvensar og utfordringar omkring bruken av digitale verktøy i undervisninga. Dette er ei aktuell utfordring som lett kan oppstå i undervisninga når ein tek i bruk data som digitalt verktøy. Eg trur difor det er viktig at ein sjølv som klasseleiar er bevisste på dette, men også gjer elevane klar på eventuelle utfordringar som kan oppstå i sjølve situasjonen, men også i ettertid.
Til denne filmen blei det laga manus i programmet celtx og storyboard der me teikna handlingane inn i scener og ulike kamerainnstillingar.
lørdag 25. februar 2012
Prosjektarbeid
I dette blogginnlegget vil eg prøve å vise korleis ein kan jobbe trinnvis i ein prosess frå tema til produkt. Vi har i det siste arbeida mykje med korleis ein skal kome fram til gode problemstillingar og ei god beskriving av eit produktmål.
Tema - Problemområdet
Problemstilling – Eit spørsmål som ein skal undersøke.
Avgrensa problemstilling – Problemstillingen må avgrensast og blir meir konkret.
Produktmål – Fortel kva som skal vere resultatet av prosjektarbeidet.
Temaet: digital kompetanse.
Eg ynskjer at elevane skal ta i bruk digitale verktøy i undervisninga som eit middel til å nå kompetansemåla. Eg ynskjer å forbetre deira sin digitale kompetanse.
Problemstillinga: Vil elevane forbetre sin digitale kompetanse gjennom å bruke digitale verktøy i undervisninga?
Avgrensa problemstiling: Vil elevane forbetre sin digitale kompetanse ved å lage ein podcast?
Produktmål:Ved at elevane lagar ein podcast vil dei kunne forbetre sin digitale kompetanse.
Elevane skapar sine eigne tekster gjennom digitale medier. Når dei lagar ein podcast nyttar dei lydredigeringsprogram og dei får då trening i grunnleggande og avanserte digitale ferdigheiter. Elevane blir også meir bevisste på bruken av opphavsrett dersom dei tek i bruk lydar og musikk i frå andre kjelder. Podcast kan difor fungere som eit middel for å utvikle elevane sin digitale kompetanse.
Temaet valte eg ut i frå øvingsoppgåve 5. i leksjon prosjekt og produkt. I denne oppgåva skulle ein også tenke seg at produktet skulle vere eit medieprodukt innanfor ein av dei tre sjangrane som vi skal jobbe med dette semesteret (lyd, video og avis). Eg følte det var lettare å formulere ei avgrensa problemstilling og kunne forsvare den sidan eg har levert inn ei oppgåva anngåande dette delemnet (lyd).
_____________________________________________________
Kjelde:
Andersen , E.S & E. Schwencke (2004). Prosjektarbeid - en veiledning for studenter. NKI forlaget

onsdag 1. februar 2012
Korleis kan ein som lærar bidra til kritisk innsikt om mediekompetanse?
Kva slags påvirkning har den globale mediekulturen på dei unge i denne tidsalderen og taper den mellommenneskeleg kontakt? Desse spørsmåla er blant anna kommentert av Soilikki Vettenranta i artikkelen «Mot mediedysleksiens tidsalder» og som eg vil jobbe vidare med i dette innlegget. (Vettenranta, 2007:14).
Danninga av mediekultur blir i liten grad teke omsyn til i skulen, den utøvast som oftast individuelt og i fritida og difor kan ein kanskje seie at den digitale kompetanseutviklinga og medieundervisninga blir lite stimulert. Dei unge kan lett flyte i straumen når tilgongen på medieteknologien blir så tilgjengeleg. Dei opplever utallige inntrykk og bilete enkelte aleine, medan andre opplever dette innanfor familie eller vener (Vettenranta, 2007:15).
Kva gjer dette med med oss som menneske? Fører den globale mediekulturen til homogenisering eller blir vi meir bevisste på ulikskap?
Mediekompetanse stiller store krav. Det er ikkje nok å kunne bruke digitale verktøy ein må også ha ei viss innsikt i maktspelet på verdsbasis (Vettenreanta, 2007: 18). Dei unge treng mediekompetanse for å kunne få innsikt og forstå den fleirkulturelle verda, men også for å kunne opptre som aktive samfunnsborgera. Eit overordna mål i undervisninga med mediekompetanse vil vere å utvikle elevane si sjølvinnsikt slik at dei forstår kva som må til for å kunne arbeide for ei meir rettferdig verd (Vettenranta, 2007:31). Derfor er det viktig at ein som lærar bidreg til at dei utviklar sjølvkritisk og kulturkristisk holdning til mediekulturen (Vettenranta, 2007:14). Bodskapen i medieteknologien bør drøftast i fellesskap der elevane får støtte, grenser, beskyttelse og kjærleik. Omgrepa fellesskap, samarbeid og aktivt borgarskap står dermed sentralt i denne samanhengen. Vi vil på denne måten gjere elevane meir førebudde til å kunne foreta eigne kritiske val.
Læring blir dermed ikkje berre eit spørsmål om formidling av kunnskap, men også om å skape nye læringsmiljø der ein nyttar ulike måtar for å skaffe seg denne informasjonen.
Kjelde
Soilikki Vettenranta (2007): Mediedanning og mediepedagogikk. Gyldendahl Akademisk, Oslo

Etiketter:
DKL 104,
mediekompetanse,
medieproduksjon
tirsdag 22. november 2011
Personvern og opphavsrett
I dette innlegget blir det tatt utgangspunkt i bileta ovanfor gjennom å svare på dette kompetansemålet i norsk etter 10.trinn:
«elevene skal kunne «gjøre rede for grunnleggende prinsipper for personvern og opphavsrett knyttet til publisering og bruk av andres tekster[1]» (Kunnskapsløftet, 2008:25).
Det står sentralt i LK06 at elevane i grunnskulen skal ha kjennskap til emnet. Det er difor ein føresetnad at ein som lærar bør ha kunnskap innanfor dette området.
For at ein skal kunne greie ut om emnet (personvern og opphavsrett) og opparbeide seg ein forståing rundt dette er det viktig at elevane kjenner til omgrepet «åndsverk» og innhaldet i «åndsverkloven.» Når ein oppnår kunnskap omkring omgrepet «åndsverk» vil ein forstå at i denne samanhengen dreiar det seg om fotografiske bileter som ikkje når kravet til det som blir kalla eit åndsverk. Sjølv om dette biletet ikkje når verkshøydekravet[2] står opphavsretts- og personvernspørsmålet likevel sentralt, dette fordi det blir teke bilete av ein person.
Resultatet av desse spørsmåla « Kan ein publisere biletea? Kvifor/kvifor ikkje? Kva må eventuelt til for at ein skal kunne publisere det?» vil gje eit grunnleggande svar i forhold til kompetansemålet.
Er det du som har teke dette biletet, er det du som er skaparen og dermed har opphavsretten. Viss ikkje kan det publiserast så lenge ein har fått tillatelse frå den som har opphavsretten til biletet (eineretten varer i fotografen sin levetid og 15 år etter fotografen sin død), men med dette fotografiske biletet må ein også ta omsyn til personvern, dette fordi den avbilda er i fokus. Det betyr at ein ikkje kan offentliggjere bileta utan samtykke frå den avbilda sidan den er hovudsaka, hadde dei ikkje vore det kunne fotografen ta den avgjersla. Sjølv om dette er ein enkel regel å forholde seg til finst det likevel unntak jfr. «Åndsverkloven» i kapittel § 45c (Lovdata, u.d).
I tillegg til dette er det svært viktig å merke seg at publiseringa skal ikkje på nokon måte vere kriminaliserande i seg sjølv jfr «Åndsverkloven kapittel 7 & 8» (Lovdata,u.d). Det å bruke sunn fornuft og kontinuerlig vurdere om bileta er etisk forsvarleg å publisere er på mange måtar den viktigaste og den skjulte hugseregelen i arbeidet med emnet personvern og opphavsrett.
Kjeldeliste
Kunnskapsløftet (2008): Kunnskapsløftet – fag og læreplaner i grunnskolen. Pedlex norsk skoleinformasjon
Lovdata, u.d: Lov om opphavsrett til åndsverk m.v. Henta 22.11.2011frå http://www.lovdata.no/all/tl-19610512-002-043.html#45c
Etiketter:
DKL 101,
DKL 104,
hensyn,
personvern og opphavsrett
Abonner på:
Innlegg (Atom)