Ein skulekultur som er lite utviklingsorientert kva gjer det med eleven, læraren, skulen og samfunnet?
Dette biletet har ein viktig verdi. Det har skuleutvikling som emne og det illustrerer ei krabbe på veg opp av ei bøtte, som kontinuerleg blir dratt ned av dei andre. Biletet symboliserer ein utviklingsorientert skulekultur, der krabba er den einskilde læraren som aktivt prøvar å utfordre og endre dei ytre og indre rammene på skulen, medan kollegane har teke på seg ei anna motseiande rolle der det gode og gamle er tryggast og avslappande. Desse lærarane er altså motgangsdyktige mot endringar.
Skulen bygger på verdiar som er nedfelt i opplæringslova og LK06. Dette er deira sine offisielle skulesyn og teori, altså dei ytre rammene. Skulen sin kultur er difor utvikla gjennom realisering av tidlegare planar (Grøterud & Nilsen:2001).
I følgje Grøterud & Nilsen (2001) blir lærarar med endringsvilje ofte referert til kodebrytarar i skulen (Grøterud & Nilsen, 2001). Desse engasjerte samfunnsborgarar er positive til endringar og tek initiativ til forbetring sjølv om kodebevarane har dei “sterkaste korta”. Som betyr rutinane og tradisjonane på si side. Ein utviklingsorientert skulekultur vil difor trenge sterke og tydelege leiarar som innrettar seg mot ein skule i aktivitet framfor passivitet. På denne måten stagnerer ikkje skulen, men den går gjennom ei gradvis utvikling, ei endring i positiv forstand. Kollektive erfaringar blir teke opp i plenum og utfordra. Ved denne skulen er det fokus på kollektivisme framfor individualisme som vil gje fleire moglegheiter for alle partar.
_______________________________________________________________________
Kjeldeliste
Grøterud, M og Nilsen, B S. (2001) Kap. 7 Skolekultur i Ledelse av skoler i
utvikling. Gyldendal Akademisk, Oslo
utvikling. Gyldendal Akademisk, Oslo