onsdag 1. februar 2012

Korleis kan ein som lærar bidra til kritisk innsikt om mediekompetanse?

Kva slags påvirkning har den globale mediekulturen på dei unge i denne tidsalderen og taper den mellommenneskeleg kontakt? Desse spørsmåla er blant anna kommentert av Soilikki Vettenranta i artikkelen «Mot mediedysleksiens tidsalder» og som eg vil jobbe vidare med i dette innlegget. (Vettenranta,  2007:14).

Danninga av mediekultur blir i liten grad teke omsyn til i skulen, den utøvast som oftast individuelt og i fritida og difor kan ein kanskje seie at den digitale kompetanseutviklinga og medieundervisninga blir lite stimulert. Dei unge kan lett flyte i straumen når tilgongen på medieteknologien blir så tilgjengeleg. Dei opplever utallige inntrykk og bilete enkelte aleine, medan andre opplever dette innanfor familie eller vener (Vettenranta, 2007:15).

Kva gjer dette med med oss som menneske? Fører den globale mediekulturen til homogenisering eller blir vi meir bevisste på ulikskap?

Mediekompetanse stiller store krav. Det er ikkje nok å kunne bruke digitale verktøy ein må også ha ei viss innsikt i maktspelet på verdsbasis (Vettenreanta, 2007: 18). Dei unge treng mediekompetanse for å kunne få innsikt og forstå den fleirkulturelle verda, men også for å kunne opptre som aktive samfunnsborgera.  Eit overordna mål i undervisninga med mediekompetanse vil vere å utvikle elevane si sjølvinnsikt  slik at dei forstår kva som må til for å kunne arbeide for ei meir rettferdig verd (Vettenranta, 2007:31). Derfor er det viktig at ein som lærar bidreg til at dei utviklar sjølvkritisk og kulturkristisk holdning til mediekulturen (Vettenranta, 2007:14). Bodskapen i medieteknologien bør drøftast i fellesskap der elevane får støtte, grenser, beskyttelse og kjærleik. Omgrepa fellesskap, samarbeid og aktivt borgarskap står dermed sentralt i denne samanhengen. Vi vil på denne måten gjere elevane meir førebudde til å kunne foreta eigne kritiske val.

Læring blir dermed ikkje berre eit spørsmål om formidling av kunnskap, men også om å skape nye læringsmiljø der ein nyttar ulike måtar for å skaffe seg denne informasjonen.


Kjelde

Soilikki Vettenranta (2007):  Mediedanning og mediepedagogikk. Gyldendahl Akademisk, Oslo

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar