lørdag 25. februar 2012

Prosjektarbeid

I dette blogginnlegget vil eg prøve å vise korleis ein kan jobbe trinnvis i ein prosess frå tema til produkt. Vi har i det siste arbeida mykje med korleis ein skal kome fram til gode problemstillingar og ei god beskriving av eit produktmål. 



Tema - Problemområdet
Problemstilling – Eit spørsmål som ein skal undersøke.
Avgrensa problemstilling – Problemstillingen må avgrensast og blir meir konkret.
Produktmål – Fortel kva som skal vere resultatet av prosjektarbeidet.

Temaet: digital kompetanse.
Eg ynskjer at elevane skal ta i bruk digitale verktøy i undervisninga som eit middel til å nå kompetansemåla. Eg ynskjer å forbetre deira sin digitale kompetanse. 

Problemstillinga: Vil elevane forbetre sin digitale kompetanse gjennom å bruke digitale verktøy i undervisninga?

Avgrensa problemstiling: Vil elevane forbetre sin digitale kompetanse ved å lage ein podcast?

Produktmål:Ved at elevane lagar ein podcast vil dei kunne forbetre sin digitale kompetanse.

Elevane skapar sine eigne tekster gjennom digitale medier. Når dei lagar ein podcast nyttar dei lydredigeringsprogram og dei får då trening i grunnleggande og avanserte digitale ferdigheiter. Elevane blir også meir bevisste på bruken av opphavsrett dersom dei tek i bruk lydar og musikk i frå andre kjelder. Podcast kan difor fungere som eit middel for å utvikle elevane sin digitale kompetanse.

Temaet valte eg ut i frå øvingsoppgåve 5. i leksjon prosjekt og produkt. I denne oppgåva skulle ein også tenke seg at produktet skulle vere eit medieprodukt innanfor ein av dei tre sjangrane som vi skal jobbe med dette semesteret (lyd, video og avis). Eg følte det var lettare å formulere ei avgrensa problemstilling og kunne forsvare den sidan eg har levert inn ei oppgåva anngåande dette delemnet (lyd).   




_____________________________________________________

Kjelde:

Andersen , E.S & E. Schwencke (2004). Prosjektarbeid - en veiledning for studenter. NKI forlaget

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar