Omgrepet digital kompetanse er omfattande. Det er eit samspel mellom ei rekke komponent.
I Stortingsmelding nr. 30 (2003 – 2004) Kultur for læring (Kunnskapsdepartementet, 2004:48) blir digital kompetanse definert som summen av enkle IKT - ferdigheiter og meir avanserte ferdigheiter. Der dei enkle ferdigheitane dreiar seg om å lese, skrive, rekne, ta i bruk programvare, søke, lokalisere, omforme og kontrollere informasjon frå ulike digitale kjelder. Og dei avanserte ferdigheitene omhandlar det å utfordre evna til å evaluere, tolke, analysere og å vere kritisk til kjelde av digitale sjangrar og medieformer (Kunnskapsdepartementet,2004:48).
Det komplekse og samansette omgrepe utrykker seg (uheldigvis) ulikt på forskjellige nivå i skulane i landet. Utstyr og infrastruktur (nivå, tettheit og løysingar) er viktige komponentar i arbeidet med å “bygge landet” i forhold til digital kompetanse, men også faktorar som forsking og utvikling og generell kompetanseutvikling er også sentrale komponentar i forhold til å oppnå digital kompetanse.
I skulesamanhengen er det viktig at ein bryt ned omgrepet og rette seg mot det opplæringa står for, for å kunne evaluere elevane i forhold til den digitale kompetansa. Elevane må kunne mestre utfordringane i det lærande samfunnet og difor vil digital kompetanse vere ein nødvendig komponent.
____________________________________________________________
Kjeldeliste
Kunnskapsdepartementet (2004): Stortingsmelding nr. 30 - Kultur for læring
Henta 27.11.2011 frå http://www.regjeringen.no/nb/dep/kd/dok/regpubl/stmeld/20032004/stmeld-nr-030-2003-2004-.html?id=404433