fredag 13. april 2012

Samansette tekstar

Animasjonsfilm - "Da bjøren ble stubbrumpet"

Under den andre samlinga i DKL 102 fekk vi i oppgåve å lage ein animasjonsfilm.  Dette var ei svært utfordrande oppgåve sidan ingen på gruppa hadde vore bort i dette før. Animasjonsfilmen vår blei laga i Windows movie maker.

Vi starta først med å utarbeide eit målark, filmmanuskript og dreiebok.  Manuset hadde me allereie klar føre oss, sidan me valte eventyret "da bjørnen ble stubbrumpet."


Utstyrer som blei brukt var:

- Spegelreflekskamera
- Headsett med mikrofon
- Windows Movie Maker 
- Plastelina, leikefigurar og papir

Vi fordelte arbeidet slik at to konsentrerte seg om biletetakinga og dei to andre om redigeringsarbeidet. Bilete blei så lagt inn i Windows moviemaker. Der måtte me endre på rekkefølga, legge til tekst og bakgrunnsmusikk. Lydane blei så lagt inn i lydredigeringsprogramet Audacity og til slutt inn på Windows movie maker. 


Det ferdige resultatet blei vi dessverre ikkje heilt fornøgd med. Dette fordi vi i redigeringsprogrammet ikkje fekk til å endre hastigheita per bilete. Samstundes så ville det vere lettare å få fram dei tydelige bevegelsane dersom me hadde brukt plastelinafigurar, sidan dei er lettare å bevege på framfor figurane som blei brukt her. Tross dette så sit me likevel igjen med mykje meir kompetanse enn det me gjorde før me starta. Me forstod kvar feilen låg og kva som måtte til for å betre det til neste gong. Me blei med andre ord meir bevisste på korleis me skal vurdere samansette tekstar noko som kjem godt med i undervisning med elevar. Samspelet mellom musikk, bilete og lyd, relevante bilete/illustrasjonar, og om eleven beherskar det mediet som blir valt er moment som eg vil vere meir bevisste på med tanke på å vurdere elevane i dette (Harboe, 2008:78).






Her er "animasjonsfilmen":


 


______________________________________________________

Harboe (2008): Norskboka. no - Digitale verktøy i norskfaget. Universitetsforlaget, Oslo.

2 kommentarer:

  1. I forhold til tidsrammen synes jeg dere har fått til et bra resultat! :)

    Det er absolutt viktig at vi lærere har prøvd ut slike opplegg selv før vi går i gang med et prosjekt sammen med elevene. Poenget med denne samlingen var nok ikke at dere skulle lage en perfekt film, men at dere heller skulle få erfare hva det dreier seg om. Det ser ut til at denne prosessen har fått deg til å reflektere rundt forskjellige problemområder - og det er jo nettopp av prøving og feiling vi lærer slikt best! :)

    SvarSlett
  2. Vi vart ikkje førnøgd med det ferdige resultatet, men som du skriv så sat vi igjen med meir kompetanse enn før vi starta. Ved å ha prøvd dette opplegget på kroppen så har vi fått erfare kva problemstillingar elevar kan få dersom dei skal gjennomføre eit liknande undervisningsopplegg. Dette er viktige erfaringar å ha med vidare som lærar. Som Mariann også kommentarar så var nok dette hovedpoenget med denne samlinga. :)

    SvarSlett