fredag 13. april 2012

Blogg som digital læringsarena

Dette vårhalvåret har eg fått ansvaret i å undervise 6. og 7. trinn i naturfag ved Åmås friskule. Dette har vore svært lærerikt og utfordrande sidan eg har fått ein del ansvar. Likevel så har desse frie tøylane gjort meg meir bevisst på kva god klasseleiing omhandlar. I tilegg til dette så har eg hatt moglegheita til å kunne prøve ut det eg har lært i DKL og teorien i dette studiet er så absolutt mykje lettare å hugse når ein får smake på det sjølv i praksis.

Dette vårhalvåret har eg valt blogg som digital læringsarena. Eg har oppretta ein fagblogg i naturfag der elevane (men også eg) publiserer det som blir gjort i timane. Elevane får utlevert ei problemstilling som dei må drøfte i gruppa og dermed utføre ein aktivitet. Deretter får dei ulike oppgåver av meg som dei skal svare på skriftleg i blogginnlegget. Dei skal også bruke digital stillbilde kamera som ein form for dokumentasjon av det arbeidet som blir gjort.  

Her er linken til elevgruppa mi: fagblogg i naturfag

Eg tek dette i bruk i undervisninga fordi eg trur det er ei metode for auka læring. Nettstaden blir brukt for å informere, gje beskjedar og tilbakemeldingar. Materiellet blir lagra på nettet og fungerar som pedagogisk dokumentasjon for meg som lærar, men også for elevane.Fordelen med å la elevane vere produsentar for arbeidet er at kvar enkelt lettare kjem fram i undervisninga. Det kan vere lettare for dei å ta kontakt med meg når dei får kommentarar på innlegga sine. Når elevane jobbar på denne måten har alle med seg sin eigen kunnskap frå forskjellige læringsmiljø eller sosiale arena og dei mottek ny kunnskap frå andre gjennom samarbeid, dialog og trening (Karlsen & Wølner, 2006).

_________________________________________________

Karlsen, A.V & T.A Wølner (2006): Den femte grunnleggende ferdighet .Portefølje og digitale mapper - et sted for læring. Gyldendal norsk forlag AS

1 kommentar:

  1. Jeg synes du har reflektert godt i dette innlegget. Jeg har vært inne og sett på fagbloggen du har opprettet, og jeg er enig i at dette er en metode for økt læring. Med en slik fagblogg er det også rom for tilpasset opplæring ved at elevene kan delta på sitt nivå. Det er en metode hvor elever som ikke vanligvis skriver så godt kan føle mestring, fordi de kanskje har god digital kompetanse.

    SvarSlett