mandag 26. september 2011

Er Google Dokumenter framtida?





I dette innlegget vil eg ta føre meg det digitale produksjonsverktøyet "Google Dokumenter" som reiskap i undervisning.

Google Dokumenter er i følgje Leif Harboe(2007) ei nettbasert løsningsprogram som er kontinuerlig i utvikling (Harboe, 2007) noko som er positivt med tanke på brukaranes ulike behov og ynskje om forbetring.

Som lærar møter ein stadig utfordringar ved bruken av digitale verktøy i skulekvardagen. Ei utfordring som ofte kan oppstå er når både lærar og elevar nyttar ulike versjonar av tekstbehandlarar og når partane skal anten dele eller levere inn innhaldsrike dokument. Dette kan då skape problem når både lærar og elevar ikkje klarer å opne dokumenta på grunn av ulike filtyper eller forskjellege operativsystem (Windows, MAC, Linux). I følgje Harboe (2007) lettar Google Dokumenter dette problemet(Harboe, 2007), dette fordi dokumenta blir ikkje lagra på vedkomande si private maskin, men på serverane til Google, altså ein jobbar stadig på nett. Lagringa skjer automatisk og ofte. Ein kan på denne måten jobbe med dokumenta uavhengig av kvar ein er i verda og kva slags maskin som blir brukt. Ein kan velje mellom å opprette eit dokument, rekneark eller lage ein presentasjon som lett kan delast med andre. Det at Google Dokumenter foregår på internett er eit viktig element, for dette opnar moglegheita for samskriving, altså skrive saman med andre i sanntid, i praksis på same tid.

Google Dokumenter er eit godt reiskap i undervisninga, for så vel elevar som lærar. Ein kan til dømes som lærar nytte det for å fylje med på utviklinga til kvar einskild elev og veilede undervegs. Dokumentasjonskravet til kvar enkelt blir også lettare når ein har arbeidet deira tilgjengelet på nett.  

 Google Dokumenter er ein form for kommunikasjon, der både skrivar og lesar er i aktivitet. Det er ein stad der faglege drøftingar foregår på nett og gjensidig deling av kunnskap. Google Dokumenter kan på mange måtar opne vegen for refleksjon og ved å bruke det i skulen støtter ein blant anna oppunder eit av dei pedagogiske grunnsyna som LK06(2008) bygger på - Det at lærings skjer i samspel med andre menneske (Kunnskapsløftet, 2008). Det støttar også oppunder Vygotsys teori med at kulturelle verktøy er sentrale element som må vere til stade for at læring skal oppstå (Lyngsnes & Rismark, 2007).  Sjølv om Harboe(2007) hevdar at programmet har visse forutsetnadar (Harboe, 2007) så er dette eit reiskap som kan vere med på å engasjere og motivere. Det kan på mange måtar vere med på å skape eit positivt læringsmiljø, samstundes som kompetansa for digitale verktøy aukar.
____________________________________________________________________

Kjeldeliste

Harboe , Leif (2010) Norskboka.no - Digitale verktøy i norskfaget (2.utgave). Oslo: universitetsforlaget. 

Karlsen Vea, A & T. A Wølner(2006): Den femte grunnleggende ferdighet – portefølje og digitale mapper – et sted for læring. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag AS

Kunnskapsløftet(2008): Kunnskapsløftet – fag og læreplaner i grunnskolen. Oslo:Pedlex Norsk skuleinformasjon

Lyngsnes, K & M. Rismark (2007): Didaktisk arbeid (2. utgave). Oslo: Gyldendal Norsk Forlag AS

fredag 16. september 2011

Presentasjon av medstudent

På første samling i DKL emne 101 fekk me i oppgåve å presentere ein medstudent på bloggen vår.

 
Mariann er 23 år gamal og kjem i frå Fosnavåg. Ho byrja på allmennlærarutdanninga i 2007, men tok permisjon i fjor, sidan ho fekk ei lita jente og går difor siste året på utdanninga. Dei faga ho har teke utanom dei obligatoriske faga i utdanninga er matematikk og RLE. Mariann har valgt å studere til lærar fordi ho synst det er kjekt å undervise, godt å kunne gi noko av seg sjølv og  fordi det er ein ubeskriveleg følelse å sjå framgongen til elevane. Årsaka til at ho valte studiet DKL var fordi ho ynskjer å bli meir kreativ i undervisninga og verte meir oppdattert på digitale verktøy.