På 2.samling i DKL emne 101 fekk me i oppgåve å lage ei bildefortelling. Bildefortellinga skulle framstillast i Picasa 3, som er eit gratisprogram for visning, redigering og organisering av bilde.
Ei digital storytelling er ei kort historie der ein bruker stilbilde, tekst og/eller lydeffekter. Det er ei samansett tekst og ein sjanger som kan vere med på å tilpasse undervisninga og ei arbeidsmetode der både det munnlege, skriftlege og leseferdigheitene står sentralt. Digital storytelling er eit bidrag til den kontinuerlige oppbygginga av den digitale kompetansa (Høiland, Wølner, 2007).