Biletet symboliserar eit vurderingsverktøy for lærarane i skulen, i forhold til arbeidet med vurdering av elevane. Biletet viser til Blooms taksonomi som er eit trinnvis taksonomi for kunnskapsbygging. Det seier noko om dei stega elevane må gå igjennom for å oppnå kompetanse( Woolfolk, 2004).
Ved å nytte digitale verktøy i undervisninga vil taksonomiet framleis vere relevant i forhold til å vurdere elevane? Dersom ja, på kva måte?
Det redigerte biletet svarar på spørsmålet ovanfor. Biletet viser ulike verktøy som blir brukt i dei forskjellige nivåa, men det er ikkje nødvendigvis slik at desse verktøya er knytt til eitt nivå i taksonomiet, det kjem an på bruken av dei.
Den nederste rada er knytta til informasjonshenting, medan den øverste rada vil verktøy som støttar opp under verktøy bruk, analyse, syntese og vurdering verte meir brukte.
Dette biletet viser korleis Benjamin Blooms taksonomi framleis kan vere relevant å nytte som vurderingsverktøy i undervisninga, med fokus på digital kompetanse.
__________________________________________________________
Woolfolk, A (2004): Pedagogisk psykologi Tapir akademisk forlag
Systime: Henta 06.11.2011 frå http://so.systime.dk/index.php?id=121