tirsdag 18. oktober 2011

Speilreflekskamera og manuelle innstillingar



Ved å bruke speilreflekskamera har ein moglegheit for å bruke både manuell – og automatisk styring. Kameraet har store linser, noko som gir betre bilete kvalitet. Ein kan sjølv bestemme lukkartid, blender og fokus.

Blendaren ligg i objektivet (linsa) og regulerar lysstyrka. Blenderen er lik mellom alle linser, uansett merke. Ei stor blenderopning slepp inn mykje lys, medan ei lita blenderopning slepp inn lite lys. Blendaren påverkar også dybdeskarpheita i biletet. Er blendaropninga stor vil dybdeskarpheita i biletet vere lita og ved ei lita blendaropning vil dybdeskarpheita i biletet vere stor. Blenderskalaen varierer frå: 1, 1.4, 2, 2.8, 4, 5.6, 8, 11,16,22,32,45,64 og 90 (Larsen, 2005).



På dette biletet er blender 5.0, som betyr at blenderopninga er stor og dermed er dette eit biletet med lite dybdeskarpheit. Det er kun motivet i biletet som er i fokus, og ikkje bakgrunnen.

Lukkartid: I kameraet er det ei “gardin” som opnar og lukkar for lyset som blir slept inn. Lukkertida står for den tida lyset får sleppe inntil biletet. Det blir slept inn meir lys i biletet, dess lenger lukkertida står open. Lita lukkartid frys motivet raskt, medan stor lukkartid gir bevegelse og uskarpheit.  Lukkertidskalaen blir oppgitt i hundredel sekunder (Larsen,2005).




Dette er eit bilete med svært lang lukkertid. Lang lukkertid blir ofte brukt for å gje bileta ei litt meir kunstnarisk preg.

ISO: ISO er lysfølsomheita til biletesensoren. Ein er avhengig av lysmengda for å kunne danne eit bilete som treffer. Kor mykje lys ein treng for å danne eit korrekt bilete er avhengig av ISO verdien på kameraet. Høg ISO treng lite lys, medan lav ISO treng mykje lys (Larsen,2005).

 _____________________________________________________________


Kjeldeliste

Larsen, P. O (2005): En innføring i fotografering og kamerateknikk. Henta 17.10.11 frå http://snotpope.com/po/fotokompendie.pdf

2 kommentarer:

  1. Bildet med lang lukkertid ble et annerledes og festlig kveldsbilde fordi du fikk med så fin effekt fra lysene på bilen. Tøft!

    SvarSlett
  2. Dette var et informativt innlegg. Bildene du har brukt er veldig bra å bruke som eksempler. Bildet med stor blenderåpning var fint. Du har fått fram veldig godt at det er motivet som er i fokus, og ikke bakgrunnen. Bildet med lang lukketid ble skikkelig tøft. Måten du har ”fanget” effekten fra lysene var stilig. Godt jobbet!

    SvarSlett