mandag 17. oktober 2011

Mappemetodikk- tanken om eigenaktivitet som basis for læring


I følgje Karlsen og Wølner (2006) er digitale mapper elevane sine digitale arbeid, der desse arbeida kan bli brukt som presentasjon, samarbeid og vurdering. Det er ei kunnskapsbase for ulike elevar og ein stad for samarbeid, deling av kunnskap og læring (Karlsen, Wølner, 2006).

Sjølv om det er elevane sitt ansvar å produsere det som skal inn i mappene, fylgjer det likevel visse krav til læraren. Det er her omgrepet ansvar for eiga læring kjem inn. Ansvar for eiga læring har vore eit debattert omgrep, dette fordi det har blitt misforstått og oppfatta bokstaveleg. Elevane har blitt overlate for mykje til seg sjølve(Tidsskrift for norsk psykologforening,2008). 

Omgrepet ansvar for eiga læring har mange røter og kan lett misforståast av lærarar. Det dreiar seg om det læringssynet ein som lærar skal formidle, altså det som står eksplisitt uttrykt i den formelle læreplanen, LK06. Det seier også noko om at eleven skal få ta del i planlegginga i forhold til det som skal lærast og det som skal vurderast.

Sjølv om eleven har ei sentral rolle i forhold til det som skal lærast, er det likevel ein føresetnad at læraren skal arbeide aktivt saman med eleven for at den skal oppnå ei positiv læringskurve. Det krevast aktivitet for å lære og dette skjer i samspel med andre menneske, og difor skal ikkje eleven bli overlate til seg sjølv.

I følgje den sosiokulturelle teoretikaren Vygotsky blir ein meir engasjert når læring skjer i ei sosial kontekst og dermed opnar det nye moglegheiter for å kommunisere, samarbeide og bygge kunnskap på (Wølner & Karlsen, 2006). I IKT står bokstaven “k” for kommunikasjon og for at læring skal vere effektiv må mappemetodikkmetoden kome med konstruktive tilbakemeldingar, som til dømes formativ og summativ vurdering på arbeidet til eleven. Dette er noko som den digitale mappemetodikken lettare legg opp til.

Det er ikkje nok at eleven kun oppnår deklarativ kunnskap (kva – kunnskap). Ein må som lærar også legge til rette for læringsaktivitetar der eleven oppnår både prosudural – og kondisjonal kunnskap. Eleven må få ei forståing for korleis, kvifor og når ein skal utfør den generelle, men også spesifikke nykonstruerte kunnskapen (Woolfolk, 2007). Den digitale mappemettodikken opnar moglegheiter for dette og omgrepet “ansvar for eiga læring” skjer dermed i ei sosial kontekst.

 ____________________________________________________________________

Kjeldeliste

Karlsen,A. V  & T.A Wølner (2006): Den femte grunnleggende ferdighet. Gyldendal norsk forlag As

Tidsskrift for Norsk Psykologforening (2008) Henta 17.10.11 frå http://psykologtidsskriftet.no/index.php?seks_id=65795&a=2
Woolfolk, A (2007): Pedagogisk psykologi. Trondheim:Tapir Akademisk forlag

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar