fredag 27. januar 2012

Nettsamfunn - Den uformelle læreprosessen

Korleis kan me som lærarar ta i bruk sosiale nettsamfunn slik at det gir meirverdi i læringsarbeidet? Undersøkingar viser at dagens ungdommar er storbrukarar av sosiale nettsamfunn, men at det i liten grad blir gjenspegla i undervisninga (Søby, 2008). Dette må endrast.

Sosiale medium gir moglegheiter. Fordelane med sosiale medium er at ein globalt kan dele tankar og interesse med kvarandre (Richardson, 2010:85-86). Ein kan også velje om ein vil dele informasjonen med mange samtidig, på denne måten kan ein dermed legge til rette for både lærar – og elevvurdering. Gjennom å innhente meir informasjon for forskjellige kanalar vil den proksimale utviklingssona utvida og læring oppstår (Woolfolk, 2004). 

Nettsamfunnet Facebook kan på mange måtar fungere som eit samlingspunkt for elevane. Her kan ein til dømes opprette ei gruppe for klassa der diverse informasjon blir gitt. Både lærar og elev kan legge ut skulerelevante bilete eller videoar og kommentere dette. Her vil eg påpeike viktigheita av at læraren er tydeleg på kva elevrolla inneberer og kva som blir forventa av dei. Dette vil blant anna vere ein av mange utfordringar omkring det å ta i bruk sosiale medium i skulen. 

Likevel så trur eg at dersom ein aktivt tek i bruk det nettsamfunnet som elevane er tilhengar av kan ein skape eit rom for alle. Elevar som har vanskar med å uttrykke seg munnleg kan her uttrykke seg skriftleg. Elevar med lese – og skrivevanskar kan også føle tilhørigheita i gruppa når deira sine sjølvlaga videoar eller bilete blir lagt ut. Nettsamfunnet kan også vere ein banebrytar for elevar med talevegring.
   
Kjelder


Morten Søby (2008):Delingskultur, sosial web og læring. Henta 27.01.2012 frå
http://www.idunn.no/ts/dk/2008/03/delingskultur_sosial_web_og_lering
 


Richardson, Will (2010): Blogs, Wikis,Podcasts and other powerful web tools for classrooms. California Corwin Press.

Woolfolk, A (2004): Pedagogisk psykologi Tapir akademisk forlag

1 kommentar:

  1. Jeg synes du har reflektert godt i dette innlegget. Jeg er enig med deg i at mange elever har stor nytte av å bruke sosiale medier. Men det er som du sier at sosiale medier gir muligheter, men det gir også utfordringer. Elever har i dagens samfunn mye kunnskap, kompetanse og erfaringer med bruk av sosiale medier. Så hvordan kan vi som lærere nyttiggjøre oss den digitale kompetansen elevene har innen sosiale medier? Hvordan kan vi nyttiggjøre oss måtene elevene digitalt samhandler på i læringsarbeidet? Vi kan som lærere våge å tenke litt mer utradisjonelt, som Høiland og Wølner sier det ”For å få lærerens undervisningskunst til å blomstre gjennom bruk av digitale medier må han våge å gi litt slipp på metodikkens tradisjonelle arbeidsmåter” (Høiland og Wølner, 2007, s.27).

    SvarSlett