tirsdag 22. november 2011

IAT sitt potensial






IAT som står for interaktive tavler er trykksensitive tavler som blir kontrollert av ei datamaskin kopla til ein projektor (Mork, S:2011) Desse digitale tavlene gir store potensial i læringsprosessen.

Digitale tavler engasjerer både små og store. Tavlene gir store moglegheiter til å ta i bruk ulike programmer, multimedieverktøy og internett. Ved å ta i bruk desse tavlene i undervisninga kan ein på mange måtar lette læringsprosessen. Tavlene møter kvar enkelt elev, dette fordi tavlene tek omsyn til elevane sine forskjellige læringsstilar og fordi elevane sine sanseapparat blir forsterka når elevane både får lytte, sjå, kjenne på og vere i bevegelse. Undervisninga blir variert og tilpassa kvar enkelt, samtidig som den fungerer som ein motivasjonsfaktor for læring for både elevar og lærarar.

Til ettertanke: For at IAT skal ha eit potensial, blir det også stilt store krav til læraren. I tillegg til at det digitale verktøyet er tilgjengeleg må også læraren ha kjennskap til desse tre elementa for at verktøyet skal gje meirverdi i undervisninga:

Digital kompetanse

Didaktisk kompetanse

Pedagogisk kometanse 

___________________________________________________________

Kjeldeliste

Mork, S (2011): Naturfag.no Henta 22.11.2011 frå http://www.naturfag.no/artikkel/vis.html?tid=1106476





Audacity - eit digitalt verktøy





Audacity er eit lydredigeringsprogram som lett kan lastast ned frå internett. Det er fri programvare, som ein kan bruke fritt utan kostnadar, forbetre det og dele det med andre. Hjelpefunksjon til Audacity som er på internett er også på norsk og er lett forståeleg. Programmet er brukarvennleg for både lydredigering og opptak av lyd, for operativsystem som; Windows, Mac OS X, GNU/Linux med meir (Høiland & Wølner,2007).  

Det finst mangfaldige moglegheiter ved å ta i bruk dette programmet. Det er lette opptaks – og redigeringsmoglegheiter. Elevane kan til dømes klippe, kopiere og mikse saman lydar, dei kan redigere filformat som wav - og mp3 – lydfiler. Fade inn og ut, og ta opp lyd gjennom mikrofon.

Lydfilene kan igjen nyttast i ulike programvarer og bli ein del av elevane sine presentasjonar. Dei kan til dømes settast inn i Power Point presentasjonar, nettsider, word eller photostory. Ved å arbeide på denne måten er elevane er med på å produsere en multimodal tekst/samansett tekst som også står sentralt i fagplanen i norsk i LK06 (Kunnskapsløftet,2008). 

_____________________________________________________________
Kjeldeliste

Høiland, T & T.A Wølner (2007): Fra digital ferdighet til kompetanse - om didaktikk for arbeid med digitale medier i skolen. Gyldendal Akademisk forlag AS

Kunnskapsløftet(2008): Kunnskapsløftet - fag og læreplaner i grunskolen. Pedlex Norsk skoleinformasjon