fredag 13. april 2012

Kva betyr tilpassa opplæring?

Tilpassa opplæring er eit tema som interesserer meg. Det er eit av dei viktigaste prioriterte områda for kompetanseutvikling og har våre eit sentralt omgrep sidan 1970 talet. I opplæringslova paragraf 1 -3 står det skrive: "Opplærings skal tilpassast evnene og føresetnadane hjå den enkelte eleven, lærlingen og lærekandidaten" (Lovdata, u.å). Det betyr at omgrepet tilpassa opplæring ikkje berre er eit interesse område for meg som individ, men det har også ei politisk side i og med det står oppført i opplæringslova som er læraren si viktigaste styringsdokument. Omgrepet tilpassa opplæring blei i 2008 skilt ut som eigen paragraf, dette for å gjere det tydeleg at prinsippet ikkje var noko mål, men eit verkemiddel for læring.

Tilpassa opplæring handlar om at kvar einskild elev skal få undervisninga tilpassast ut i frå sine føresetnadar og evner. Det er element som psykisk - og fysisk utvikling, interesse, sosial bakgrunn og kulturell samhald ein som lærar skal ta omsyn til (imsen, 2006). Det er eit vidt omgrep, det gjeld all undervisning. Det betyr at både ordinær undervisning og spesialundervisning er ei form for tilpassa opplæring. Ordinærundervisninga gjeld for alle elevar, medan spesialundervisninga gjeld for elevar som har fått sakkyndig vudering og ekstra ressursar vil då bli lagt inn i undervisningsøktene.

Bruk av digitale hjelpemiddel kan då vere med på å redusere bruken av paragrag 5.1. Undervisninga blir meir variert, elevane får sansane sine stimulert, elevgruppa kan bli meir samla når ein til dømes jobbar med nettpbaserte program som google dokumenter, digitale tankeverktøy, blogging,  og wiki.

____________________________________________________

Imsen. G (2006) Lærerens verden - innføring i generell didaktikk. Oslo, universitetsforlaget AS

Lovdata (u.å): Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Henta 04.03.2012 frå http://www.lovdata.no/all/nl-19980717-061.html


Repstad, K & I.M. Tallaksen (2006): Variert undervisning – meir læring. Lærerens metodebok. Fagbokforlaget
  

Mindomo som kognitiv støtte

Mindomo - Tankeverktøy
Denne linken viser til tankeverktøyet laga i Mindomo. Det er eit nettbassert program som ein kan bruke til å blant anna systimatisere tankar. Når ein utformar det elektroniske tankekartet kan ein bli aktiv konstruktør av sin eigen viten. Det kan støtte oss i tenkearbeidet og vere med på å sjå samanhengar (Mindomo,u.å). Denne linken er eit døme på korleis eg har nytta det då eg laga halvårsplan i naturfag.

Korleis kan dette verktøyet fungere som eit støttande stillas i ein undervisningsprosess?

Tankeverktøyet er effektivt når ein skal ta notatar, idemyldre eller utvikle idear saman med elevane. Det kan også vere med på å tilpasse opplæringa i undervisninga. Læraren kan saman med elevane bygge vidare på eit emne eller betre elevane sitt ordforråd. Læraren fungerar som eit støttande stillas når elevane får sjå det digitale tankeverktøyet på smartboard, tavla ol. og når ein saman med elevane hjelp dei  å bygge vidare på det dei allereie kan frå før. Samstundes så meiner eg at tankeverktøyet kan støtte oppunder elevane sine ulike læringsstilar. Visuelt, når dei ser det oversiktlige tankeverktøyet, og verbalt i forhold til at det blir omdiskutert (Kunnskapsløftet, 2008).

 Tankeverktøyet gir altså betre moglegheiter i undervisninga. Elevane har det tilgjengeleg på nett, dei kan dele det med kvarandre og arbeide vidare med det.

___________________________________________________

Kunnskapsløftet (2008): Kunnskapsløftet - fag og læreplaner i grunnskolen. Pedlex norsk skoleinformasjon, Olso.

Mindomo (u.å) Brainstorming with mindmaps. Henta 20.02.2012 frå http://www.mindomo.com/






 

tirsdag 27. mars 2012

Fokus

 

Produktmål:
Vi har laga ein film som opnar for refleksjon og samtale omkring det å halde rett fokus i arbeidet i skulekvardagen.

 Denne filmen er laga av meg, Mariann, Helge og Kristian. Filmen handlar om skuleeleven Nils som slit med å halde fokus på skulearbeidet i undervisninga. Gjennom filmen får ein sjå konsekvensar  og utfordringar omkring bruken av digitale verktøy i undervisninga. Dette er ei aktuell utfordring som lett kan oppstå i undervisninga når ein tek i bruk data som digitalt verktøy. Eg trur difor det er viktig at ein sjølv som klasseleiar er bevisste på dette, men også gjer elevane klar på eventuelle utfordringar som kan oppstå i sjølve situasjonen, men også i ettertid.

Til denne filmen blei det laga manus i programmet celtx og storyboard der me teikna handlingane inn i scener og ulike kamerainnstillingar.


lørdag 25. februar 2012

Prosjektarbeid

I dette blogginnlegget vil eg prøve å vise korleis ein kan jobbe trinnvis i ein prosess frå tema til produkt. Vi har i det siste arbeida mykje med korleis ein skal kome fram til gode problemstillingar og ei god beskriving av eit produktmål. 



Tema - Problemområdet
Problemstilling – Eit spørsmål som ein skal undersøke.
Avgrensa problemstilling – Problemstillingen må avgrensast og blir meir konkret.
Produktmål – Fortel kva som skal vere resultatet av prosjektarbeidet.

Temaet: digital kompetanse.
Eg ynskjer at elevane skal ta i bruk digitale verktøy i undervisninga som eit middel til å nå kompetansemåla. Eg ynskjer å forbetre deira sin digitale kompetanse. 

Problemstillinga: Vil elevane forbetre sin digitale kompetanse gjennom å bruke digitale verktøy i undervisninga?

Avgrensa problemstiling: Vil elevane forbetre sin digitale kompetanse ved å lage ein podcast?

Produktmål:Ved at elevane lagar ein podcast vil dei kunne forbetre sin digitale kompetanse.

Elevane skapar sine eigne tekster gjennom digitale medier. Når dei lagar ein podcast nyttar dei lydredigeringsprogram og dei får då trening i grunnleggande og avanserte digitale ferdigheiter. Elevane blir også meir bevisste på bruken av opphavsrett dersom dei tek i bruk lydar og musikk i frå andre kjelder. Podcast kan difor fungere som eit middel for å utvikle elevane sin digitale kompetanse.

Temaet valte eg ut i frå øvingsoppgåve 5. i leksjon prosjekt og produkt. I denne oppgåva skulle ein også tenke seg at produktet skulle vere eit medieprodukt innanfor ein av dei tre sjangrane som vi skal jobbe med dette semesteret (lyd, video og avis). Eg følte det var lettare å formulere ei avgrensa problemstilling og kunne forsvare den sidan eg har levert inn ei oppgåva anngåande dette delemnet (lyd).   




_____________________________________________________

Kjelde:

Andersen , E.S & E. Schwencke (2004). Prosjektarbeid - en veiledning for studenter. NKI forlaget

onsdag 1. februar 2012

Korleis kan ein som lærar bidra til kritisk innsikt om mediekompetanse?

Kva slags påvirkning har den globale mediekulturen på dei unge i denne tidsalderen og taper den mellommenneskeleg kontakt? Desse spørsmåla er blant anna kommentert av Soilikki Vettenranta i artikkelen «Mot mediedysleksiens tidsalder» og som eg vil jobbe vidare med i dette innlegget. (Vettenranta,  2007:14).

Danninga av mediekultur blir i liten grad teke omsyn til i skulen, den utøvast som oftast individuelt og i fritida og difor kan ein kanskje seie at den digitale kompetanseutviklinga og medieundervisninga blir lite stimulert. Dei unge kan lett flyte i straumen når tilgongen på medieteknologien blir så tilgjengeleg. Dei opplever utallige inntrykk og bilete enkelte aleine, medan andre opplever dette innanfor familie eller vener (Vettenranta, 2007:15).

Kva gjer dette med med oss som menneske? Fører den globale mediekulturen til homogenisering eller blir vi meir bevisste på ulikskap?

Mediekompetanse stiller store krav. Det er ikkje nok å kunne bruke digitale verktøy ein må også ha ei viss innsikt i maktspelet på verdsbasis (Vettenreanta, 2007: 18). Dei unge treng mediekompetanse for å kunne få innsikt og forstå den fleirkulturelle verda, men også for å kunne opptre som aktive samfunnsborgera.  Eit overordna mål i undervisninga med mediekompetanse vil vere å utvikle elevane si sjølvinnsikt  slik at dei forstår kva som må til for å kunne arbeide for ei meir rettferdig verd (Vettenranta, 2007:31). Derfor er det viktig at ein som lærar bidreg til at dei utviklar sjølvkritisk og kulturkristisk holdning til mediekulturen (Vettenranta, 2007:14). Bodskapen i medieteknologien bør drøftast i fellesskap der elevane får støtte, grenser, beskyttelse og kjærleik. Omgrepa fellesskap, samarbeid og aktivt borgarskap står dermed sentralt i denne samanhengen. Vi vil på denne måten gjere elevane meir førebudde til å kunne foreta eigne kritiske val.

Læring blir dermed ikkje berre eit spørsmål om formidling av kunnskap, men også om å skape nye læringsmiljø der ein nyttar ulike måtar for å skaffe seg denne informasjonen.


Kjelde

Soilikki Vettenranta (2007):  Mediedanning og mediepedagogikk. Gyldendahl Akademisk, Oslo

fredag 27. januar 2012

Wikispaces

 
På første samling i DKL emne 102 arbeida me med temaet sosiale media. I gruppe fekk me i oppgåve å opprette ein wiki der me skulle utdjupe tre forskjellige nettsamfunn og grunngje kvifor desse egnar seg i læringsarbeidet for både elevar og pedagogar.

Link til oppgåva:
http://fredagdkl.wikispaces.com/

Nettsamfunn - Den uformelle læreprosessen

Korleis kan me som lærarar ta i bruk sosiale nettsamfunn slik at det gir meirverdi i læringsarbeidet? Undersøkingar viser at dagens ungdommar er storbrukarar av sosiale nettsamfunn, men at det i liten grad blir gjenspegla i undervisninga (Søby, 2008). Dette må endrast.

Sosiale medium gir moglegheiter. Fordelane med sosiale medium er at ein globalt kan dele tankar og interesse med kvarandre (Richardson, 2010:85-86). Ein kan også velje om ein vil dele informasjonen med mange samtidig, på denne måten kan ein dermed legge til rette for både lærar – og elevvurdering. Gjennom å innhente meir informasjon for forskjellige kanalar vil den proksimale utviklingssona utvida og læring oppstår (Woolfolk, 2004). 

Nettsamfunnet Facebook kan på mange måtar fungere som eit samlingspunkt for elevane. Her kan ein til dømes opprette ei gruppe for klassa der diverse informasjon blir gitt. Både lærar og elev kan legge ut skulerelevante bilete eller videoar og kommentere dette. Her vil eg påpeike viktigheita av at læraren er tydeleg på kva elevrolla inneberer og kva som blir forventa av dei. Dette vil blant anna vere ein av mange utfordringar omkring det å ta i bruk sosiale medium i skulen. 

Likevel så trur eg at dersom ein aktivt tek i bruk det nettsamfunnet som elevane er tilhengar av kan ein skape eit rom for alle. Elevar som har vanskar med å uttrykke seg munnleg kan her uttrykke seg skriftleg. Elevar med lese – og skrivevanskar kan også føle tilhørigheita i gruppa når deira sine sjølvlaga videoar eller bilete blir lagt ut. Nettsamfunnet kan også vere ein banebrytar for elevar med talevegring.
   
Kjelder


Morten Søby (2008):Delingskultur, sosial web og læring. Henta 27.01.2012 frå
http://www.idunn.no/ts/dk/2008/03/delingskultur_sosial_web_og_lering
 


Richardson, Will (2010): Blogs, Wikis,Podcasts and other powerful web tools for classrooms. California Corwin Press.

Woolfolk, A (2004): Pedagogisk psykologi Tapir akademisk forlag