tirsdag 27. mars 2012

Fokus

 

Produktmål:
Vi har laga ein film som opnar for refleksjon og samtale omkring det å halde rett fokus i arbeidet i skulekvardagen.

 Denne filmen er laga av meg, Mariann, Helge og Kristian. Filmen handlar om skuleeleven Nils som slit med å halde fokus på skulearbeidet i undervisninga. Gjennom filmen får ein sjå konsekvensar  og utfordringar omkring bruken av digitale verktøy i undervisninga. Dette er ei aktuell utfordring som lett kan oppstå i undervisninga når ein tek i bruk data som digitalt verktøy. Eg trur difor det er viktig at ein sjølv som klasseleiar er bevisste på dette, men også gjer elevane klar på eventuelle utfordringar som kan oppstå i sjølve situasjonen, men også i ettertid.

Til denne filmen blei det laga manus i programmet celtx og storyboard der me teikna handlingane inn i scener og ulike kamerainnstillingar.


lørdag 25. februar 2012

Prosjektarbeid

I dette blogginnlegget vil eg prøve å vise korleis ein kan jobbe trinnvis i ein prosess frå tema til produkt. Vi har i det siste arbeida mykje med korleis ein skal kome fram til gode problemstillingar og ei god beskriving av eit produktmål. 



Tema - Problemområdet
Problemstilling – Eit spørsmål som ein skal undersøke.
Avgrensa problemstilling – Problemstillingen må avgrensast og blir meir konkret.
Produktmål – Fortel kva som skal vere resultatet av prosjektarbeidet.

Temaet: digital kompetanse.
Eg ynskjer at elevane skal ta i bruk digitale verktøy i undervisninga som eit middel til å nå kompetansemåla. Eg ynskjer å forbetre deira sin digitale kompetanse. 

Problemstillinga: Vil elevane forbetre sin digitale kompetanse gjennom å bruke digitale verktøy i undervisninga?

Avgrensa problemstiling: Vil elevane forbetre sin digitale kompetanse ved å lage ein podcast?

Produktmål:Ved at elevane lagar ein podcast vil dei kunne forbetre sin digitale kompetanse.

Elevane skapar sine eigne tekster gjennom digitale medier. Når dei lagar ein podcast nyttar dei lydredigeringsprogram og dei får då trening i grunnleggande og avanserte digitale ferdigheiter. Elevane blir også meir bevisste på bruken av opphavsrett dersom dei tek i bruk lydar og musikk i frå andre kjelder. Podcast kan difor fungere som eit middel for å utvikle elevane sin digitale kompetanse.

Temaet valte eg ut i frå øvingsoppgåve 5. i leksjon prosjekt og produkt. I denne oppgåva skulle ein også tenke seg at produktet skulle vere eit medieprodukt innanfor ein av dei tre sjangrane som vi skal jobbe med dette semesteret (lyd, video og avis). Eg følte det var lettare å formulere ei avgrensa problemstilling og kunne forsvare den sidan eg har levert inn ei oppgåva anngåande dette delemnet (lyd).   




_____________________________________________________

Kjelde:

Andersen , E.S & E. Schwencke (2004). Prosjektarbeid - en veiledning for studenter. NKI forlaget

onsdag 1. februar 2012

Korleis kan ein som lærar bidra til kritisk innsikt om mediekompetanse?

Kva slags påvirkning har den globale mediekulturen på dei unge i denne tidsalderen og taper den mellommenneskeleg kontakt? Desse spørsmåla er blant anna kommentert av Soilikki Vettenranta i artikkelen «Mot mediedysleksiens tidsalder» og som eg vil jobbe vidare med i dette innlegget. (Vettenranta,  2007:14).

Danninga av mediekultur blir i liten grad teke omsyn til i skulen, den utøvast som oftast individuelt og i fritida og difor kan ein kanskje seie at den digitale kompetanseutviklinga og medieundervisninga blir lite stimulert. Dei unge kan lett flyte i straumen når tilgongen på medieteknologien blir så tilgjengeleg. Dei opplever utallige inntrykk og bilete enkelte aleine, medan andre opplever dette innanfor familie eller vener (Vettenranta, 2007:15).

Kva gjer dette med med oss som menneske? Fører den globale mediekulturen til homogenisering eller blir vi meir bevisste på ulikskap?

Mediekompetanse stiller store krav. Det er ikkje nok å kunne bruke digitale verktøy ein må også ha ei viss innsikt i maktspelet på verdsbasis (Vettenreanta, 2007: 18). Dei unge treng mediekompetanse for å kunne få innsikt og forstå den fleirkulturelle verda, men også for å kunne opptre som aktive samfunnsborgera.  Eit overordna mål i undervisninga med mediekompetanse vil vere å utvikle elevane si sjølvinnsikt  slik at dei forstår kva som må til for å kunne arbeide for ei meir rettferdig verd (Vettenranta, 2007:31). Derfor er det viktig at ein som lærar bidreg til at dei utviklar sjølvkritisk og kulturkristisk holdning til mediekulturen (Vettenranta, 2007:14). Bodskapen i medieteknologien bør drøftast i fellesskap der elevane får støtte, grenser, beskyttelse og kjærleik. Omgrepa fellesskap, samarbeid og aktivt borgarskap står dermed sentralt i denne samanhengen. Vi vil på denne måten gjere elevane meir førebudde til å kunne foreta eigne kritiske val.

Læring blir dermed ikkje berre eit spørsmål om formidling av kunnskap, men også om å skape nye læringsmiljø der ein nyttar ulike måtar for å skaffe seg denne informasjonen.


Kjelde

Soilikki Vettenranta (2007):  Mediedanning og mediepedagogikk. Gyldendahl Akademisk, Oslo

fredag 27. januar 2012

Wikispaces

 
På første samling i DKL emne 102 arbeida me med temaet sosiale media. I gruppe fekk me i oppgåve å opprette ein wiki der me skulle utdjupe tre forskjellige nettsamfunn og grunngje kvifor desse egnar seg i læringsarbeidet for både elevar og pedagogar.

Link til oppgåva:
http://fredagdkl.wikispaces.com/

Nettsamfunn - Den uformelle læreprosessen

Korleis kan me som lærarar ta i bruk sosiale nettsamfunn slik at det gir meirverdi i læringsarbeidet? Undersøkingar viser at dagens ungdommar er storbrukarar av sosiale nettsamfunn, men at det i liten grad blir gjenspegla i undervisninga (Søby, 2008). Dette må endrast.

Sosiale medium gir moglegheiter. Fordelane med sosiale medium er at ein globalt kan dele tankar og interesse med kvarandre (Richardson, 2010:85-86). Ein kan også velje om ein vil dele informasjonen med mange samtidig, på denne måten kan ein dermed legge til rette for både lærar – og elevvurdering. Gjennom å innhente meir informasjon for forskjellige kanalar vil den proksimale utviklingssona utvida og læring oppstår (Woolfolk, 2004). 

Nettsamfunnet Facebook kan på mange måtar fungere som eit samlingspunkt for elevane. Her kan ein til dømes opprette ei gruppe for klassa der diverse informasjon blir gitt. Både lærar og elev kan legge ut skulerelevante bilete eller videoar og kommentere dette. Her vil eg påpeike viktigheita av at læraren er tydeleg på kva elevrolla inneberer og kva som blir forventa av dei. Dette vil blant anna vere ein av mange utfordringar omkring det å ta i bruk sosiale medium i skulen. 

Likevel så trur eg at dersom ein aktivt tek i bruk det nettsamfunnet som elevane er tilhengar av kan ein skape eit rom for alle. Elevar som har vanskar med å uttrykke seg munnleg kan her uttrykke seg skriftleg. Elevar med lese – og skrivevanskar kan også føle tilhørigheita i gruppa når deira sine sjølvlaga videoar eller bilete blir lagt ut. Nettsamfunnet kan også vere ein banebrytar for elevar med talevegring.
   
Kjelder


Morten Søby (2008):Delingskultur, sosial web og læring. Henta 27.01.2012 frå
http://www.idunn.no/ts/dk/2008/03/delingskultur_sosial_web_og_lering
 


Richardson, Will (2010): Blogs, Wikis,Podcasts and other powerful web tools for classrooms. California Corwin Press.

Woolfolk, A (2004): Pedagogisk psykologi Tapir akademisk forlag

torsdag 24. november 2011

Rekneark


I følgje Høiland & Wølner (2007) kan ein jobbe med rekneark i alle fag og på alle trinn(2007:158). Arbeid med rekneark på tvers av fag gir moglegheiter. I dette inlegget vil ein kunne sjå to døme der rekneark kan nyttast i andre fag enn matematikk.
Mange opplever matematikk som eit heilt anna språk og kan difor vere svært vanskeleg. Det er ikkje uvanleg å tenke matematikk når omgrepet rekneark blir sagt og rekneark kan for mange vere eit negativt ladda ord (Høiland & Wølner, 2007). I LK06 står det sentralt at ein skal jobbe med matematikk på tvers av fag (Kunnskapsløftet, 2008). Matematikk er ein grunnleggande ferdigheit og det å arbeide med rekneark vil ikkje berre vere med på å stimulere matematiske ferdigheiter, men også arbeidet med den 5. grunnleggande ferdigheita, som er digital kompetanse.





 __________________________________________________________
Kjeldeliste
Høiland, T & T.A Wølner (2007): Fra digital ferdighet til kompetanse. Gyldendal norsk forlag as

Kunnskapsløftet(2008): Kunnskapsløftet - fag og læreplaner i grunnskolen. Pedlex norsk skoleinformasjon

onsdag 23. november 2011

Digitale læringsmiljø

Erik Prinds (1999) er opptatt av at det ikkje skal dannast digitale skiljer i samfunnet og påpeikar at skulen er den eineste samfunnsinstitusjonen som kan sikre bred digital kompetanse (Prinds, 1999). For å unngå dette skiljet i samfunnet står det difor sentralt at vi som IKT veiledrar har fokus på at elevane beherskar dei digitale verktøya både teknisk og analytisk. Me må legge opp til undervisningsmetode der digitale verktøy gir merverdi slik at elevane ser at arbeidet med digitale verktøy og digital kompetanse i undervisninga vil gje ein ny og annleis oppleving.

Prinds (1999) delar undervisninga inn i tre læringsrom; Undervisnings-, trenings og studierommet. Romma er ikkje tre fysiske avskilde rom, men dei representerar ulike måter å organisere ein læringsprosess. Rommene har gitte elev - og lærerroller og i enkelte digitale verktøy vil være mer relevante i visse rom enn andre. Arbeid med IKT i undervisninga kan difor inngå i dei tre romma på ulike måtar.

Undervisningsrommet - digitale verktøy;- Presentasjonsverktøy som powerpoint, digitale tavler, overhead eller bruke google dokumenter som informasjonbase. Treningsrommet - digitale verktøy; - internett og google dokumenter. Studierommet - digitale verktøy; digitale stillbildekameraer, audacity, photostory, picasa og picnic.



______________________________________________________________
Kjeldeliste

Prinds, E (1999):  Rum til læring. Center for Teknologistøttet Uddannelse: København