tirsdag 22. november 2011

Personvern og opphavsrett










 







































I dette innlegget blir det tatt utgangspunkt i bileta ovanfor gjennom å svare på dette kompetansemålet i norsk etter 10.trinn:

«elevene skal kunne «gjøre rede for grunnleggende prinsipper for personvern og opphavsrett knyttet til publisering og bruk av andres tekster[1]» (Kunnskapsløftet, 2008:25).

Det står sentralt i LK06 at elevane i grunnskulen skal ha kjennskap til emnet. Det er difor ein føresetnad at ein som lærar bør ha kunnskap innanfor dette området.  

For at ein skal kunne greie ut om emnet (personvern og opphavsrett) og opparbeide seg ein forståing rundt dette er det viktig at elevane kjenner til omgrepet «åndsverk» og innhaldet i «åndsverkloven.» Når ein oppnår kunnskap omkring omgrepet «åndsverk» vil ein forstå at i denne samanhengen dreiar det seg om fotografiske bileter som ikkje når kravet til det som blir kalla eit åndsverk. Sjølv om dette biletet ikkje når verkshøydekravet[2] står opphavsretts- og personvernspørsmålet likevel sentralt, dette fordi det blir teke bilete av ein person.

Resultatet av desse spørsmåla « Kan ein publisere biletea? Kvifor/kvifor ikkje? Kva må eventuelt til for at ein skal kunne publisere det?» vil gje eit grunnleggande svar i forhold til kompetansemålet.

Er det du som har teke dette biletet, er det du som er skaparen og dermed har opphavsretten. Viss ikkje kan det publiserast så lenge ein har fått tillatelse frå den som har opphavsretten til biletet (eineretten varer i fotografen sin levetid og 15 år etter fotografen sin død), men med dette fotografiske biletet må ein også ta omsyn til personvern, dette fordi den avbilda er i fokus. Det betyr at ein ikkje kan offentliggjere bileta utan samtykke frå den avbilda sidan den er hovudsaka, hadde dei ikkje vore det kunne fotografen ta den avgjersla. Sjølv om dette er ein enkel regel å forholde seg til finst det likevel unntak jfr. «Åndsverkloven» i kapittel § 45c (Lovdata, u.d).  

I tillegg til dette er det svært viktig å merke seg at publiseringa skal ikkje på nokon måte vere kriminaliserande i seg sjølv jfr «Åndsverkloven kapittel 7 & 8» (Lovdata,u.d). Det å bruke sunn fornuft og kontinuerlig vurdere om bileta er etisk forsvarleg å publisere er på mange måtar den viktigaste og den skjulte hugseregelen i arbeidet med emnet personvern og opphavsrett.  



__________________________________________________________________
Kjeldeliste

Kunnskapsløftet (2008): Kunnskapsløftet – fag og læreplaner i grunnskolen. Pedlex norsk skoleinformasjon
Lovdata, u.d: Lov om opphavsrett til åndsverk m.v. Henta 22.11.2011frå http://www.lovdata.no/all/tl-19610512-002-043.html#45c


[1] «bruk av andres tekster» betyr bruk av bilete, musikk, filmar, og skriftlige tekster.

[2] verkshøydekravet; Fotografiet er eit åndsverk – eit fotografisk verk

IAT sitt potensial






IAT som står for interaktive tavler er trykksensitive tavler som blir kontrollert av ei datamaskin kopla til ein projektor (Mork, S:2011) Desse digitale tavlene gir store potensial i læringsprosessen.

Digitale tavler engasjerer både små og store. Tavlene gir store moglegheiter til å ta i bruk ulike programmer, multimedieverktøy og internett. Ved å ta i bruk desse tavlene i undervisninga kan ein på mange måtar lette læringsprosessen. Tavlene møter kvar enkelt elev, dette fordi tavlene tek omsyn til elevane sine forskjellige læringsstilar og fordi elevane sine sanseapparat blir forsterka når elevane både får lytte, sjå, kjenne på og vere i bevegelse. Undervisninga blir variert og tilpassa kvar enkelt, samtidig som den fungerer som ein motivasjonsfaktor for læring for både elevar og lærarar.

Til ettertanke: For at IAT skal ha eit potensial, blir det også stilt store krav til læraren. I tillegg til at det digitale verktøyet er tilgjengeleg må også læraren ha kjennskap til desse tre elementa for at verktøyet skal gje meirverdi i undervisninga:

Digital kompetanse

Didaktisk kompetanse

Pedagogisk kometanse 

___________________________________________________________

Kjeldeliste

Mork, S (2011): Naturfag.no Henta 22.11.2011 frå http://www.naturfag.no/artikkel/vis.html?tid=1106476