søndag 29. april 2012

Vurdering av nettstad

I leksjonen om design får ein nyttig informasjon om ulike moment ei nettside kan innehalde. Desse momenta kan ein også ta i bruk for å kunne vurdere nettstadar og det er det eg kjem til å gjere i dette innlegget. Eg har valt å ta føre meg nettstaden NRK super som er ei nettside for barn. Her vil eg sjå på moment som tittel, nøkkelord, kontrast og fargar.


Tittelen NRK Super.no er lett å finne fram til. Den har nettadressa nrksuper.no og er meiningsbærande i den forstand at den heiter det same på nettet som på tv kanalane. Nøkkelorda er plasserte oppe og er lettleslege og oversiktelige. Dei er delt inn i seks hovudkategoriar og er plasserte i frå venstre mot høgre. Under denne rada har ein også plassert ti nøkkelord til som eg oppfattar som litt mindre viktige. Det er også blitt tatt i bruk konktrastfargar som til dømes svart skrift mot kvit bakgrunn eller lyse - blå bakgrunn med fargerike nøkkelord. Stor skrift mot liten er også å finne, noko som gjer det lett å merke seg overskriftene. Nøkkelorda har også ulike fargebokser som kan vere med på forsterke identiteten til det aktuelle emnet. Det fungerar også godt til å skille mellom dei ulike emna. Nettstaden er også barnevenneleg med tanke på at det er blitt tatt i bruk ein del fargar og bilete av figurar.



Lydproduksjon


På samlinga om lydproduksjon lærte me om podcast som medieform. Her blei eg meir bevisste på kor viktig oppbygging av ei historie er og kor viktig verdi lyd som verkemiddel kan ha når ein lyttar eller lagar ein podcast. Etter denne samlinga fekk eg og gruppa mange gode idear på korleis me kunne jobbe vidare med arbeidskrav 1.

DKL 104 podcast: Denne koblinga viser ein link til podcasten som eg og gruppa har laga. Podcasten er ei lydfil til DKL studentar og lærarar på ungdomskulen. Vi prøver å kome med tre konkrete og ulike tips på korleis facebook kan vere med på å betre mediedanninga til ungdommar på ungdomskulen.

Det å lage ei samanhengande lydfil i gruppe er svært krevande, men lærerikt. Under denne prosessen forstod me blant anna kor viktig det er å ha ein god ide og eit detaljert manus tilgjengeleg. Det å samkjøre dei ulike episodene var noko som me såg på som utfordrande. Me blei difor etterkvart oppmerksomme på kor sentralt det er å ha problemstilling og produktmålet klart for å kunne få til dette.

 





 

Avisproduksjon

I leksjonen om avisproduksjon har eg jobba med sjangrane nyheits -og feutureartikkel og i arbeidskrav oppgåva om nettavis fekk me i oppgåve å skrive ein av desse to sjangrane. Sjølv om eg las meg godt opp på desse to sjangrane og skreiv stikkord som kjenneteikna desse så hadde eg likevel problem med dette. Eg prøvde meg på artiklane "en smakebit på den digitale verden" og "engelsk (som underholdningsspråk) - nøkkelen til den globaliserte verden" som er publisert på denne internettsida; DKL- posten. 

Eg vil difor i dette innlegget skrive kort og konkret kva ein nyheits - og feutureartikkel skal innehalde. Eg vil også prøve å knytte dette litt opp mot mine artiklar. 

Ein nyheitsartikkel har ei kort overskrift der hovudpoenget blir presentert. Ingressen skal så gje ei kort oppsummering av innhaldet. Setningane skal vere i presens og kortfatta. Ein slik artikkel handlar også om noko som nettopp har skjedd eller vil skje. Det viktigaste kjem først og det minst viktige til slutt. Dette blir også kalla den omvendte pyramida.

I artikkelen "engelsk (som underholdningsspråk) - nøkkelen til den globaliserte verden". Prøvde eg å tenke over desse momenta som nemt i avsnittet ovanfor. Eg hadde ei kortfatta overskrift, og prøvde å skrive ein artikkel etter den omvendte pyramida.

Ein featureartikkel har ein meir personleg preg. Journalisten er ofte til stade der det skjer og informerer om eit emne. Den kan appelere til kjensler og fortel ei historie til lesaren. Eit featurebilete fortel ikkje det same som teksta og har meir enn to bilete i teksta.

I artikkelen "en smakebit på den digitale verden" prøvde eg nettopp å ha fokus på dette, sjølv om tilbakemeldingane på arbeidet mitt ikkje var like gode. Eg prøvde å ha fokus på å appellere til lesaren når eg tok bilete av barnet. I ettertid ser eg at artikkelen min kanskje ikkje var så personleg. Eg skreiv på ein objektiv måte og var ikkje direkte til stade. 
 

mandag 23. april 2012

Kommentarar

Desse innlegga har eg kommentert.

Tankeverktøy - Oline
Sosial web - Kamilla
IKT og tilpassa opplæring - Mariann
Barn og unge sin digitale kvardag - Margit
Samansette tekstar - Oline
Informasjonskompetanse - Kamilla

fredag 13. april 2012

Informasjonskompetanse



I dette innlegget vil eg sjå nærare på omgrepet informajsonskompetanse og kva ein kan gjere for å forbetre eleven si kompetanse omkring dette.

Informasjonskompetanse er i følgje «store norske leksikon» «en samling av ferdigheter som gjør en person i stand til å identifisere når informasjon er nødvendig, og som setter vedkommende i stand til å lokalisere, vurdere og effektivt anvende denne informasjonen. (SNL,2011)»

Mi erfaring i forhold til dette omgrepet er at elevane er dyktige til å handtere datamaskina som digitalt verktøy i teknisk forstand. Vidare har eg opplevd store manglar når det kjem til å vurdere informasjonen og korleis dei skal anvende den på ein tenleg måte. Etter å ha observert dette har eg difor prøvd å betre dette ved å gjere elevane bevisste på dette. 

For å kunne forbetre dette må me som lærarar først betre vår kompetanse til å kunne styrke deira sin informasjonskompetanse. Me må hjelpe elevane med å bruke rett søkeverktøy, effektive søkestrategiar og kunne vurdere kjeldene kritisk. Ein må legge til rette for læringsarenaer der elevane sjølv blir produsentar. Det kan ein til dømes gjere ved å la dei produsere konkrete tekster og vurdere kvarandre.

Læraren må altså få ei større rolle og elevane må i mindre grad bli overlete til seg sjølve. 

___________________________________________________

Store norske leksikon (2011) Henta den 12.04.2012 frå http://snl.no/informasjonskompetanse 


Samansette tekstar

Animasjonsfilm - "Da bjøren ble stubbrumpet"

Under den andre samlinga i DKL 102 fekk vi i oppgåve å lage ein animasjonsfilm.  Dette var ei svært utfordrande oppgåve sidan ingen på gruppa hadde vore bort i dette før. Animasjonsfilmen vår blei laga i Windows movie maker.

Vi starta først med å utarbeide eit målark, filmmanuskript og dreiebok.  Manuset hadde me allereie klar føre oss, sidan me valte eventyret "da bjørnen ble stubbrumpet."


Utstyrer som blei brukt var:

- Spegelreflekskamera
- Headsett med mikrofon
- Windows Movie Maker 
- Plastelina, leikefigurar og papir

Vi fordelte arbeidet slik at to konsentrerte seg om biletetakinga og dei to andre om redigeringsarbeidet. Bilete blei så lagt inn i Windows moviemaker. Der måtte me endre på rekkefølga, legge til tekst og bakgrunnsmusikk. Lydane blei så lagt inn i lydredigeringsprogramet Audacity og til slutt inn på Windows movie maker. 


Det ferdige resultatet blei vi dessverre ikkje heilt fornøgd med. Dette fordi vi i redigeringsprogrammet ikkje fekk til å endre hastigheita per bilete. Samstundes så ville det vere lettare å få fram dei tydelige bevegelsane dersom me hadde brukt plastelinafigurar, sidan dei er lettare å bevege på framfor figurane som blei brukt her. Tross dette så sit me likevel igjen med mykje meir kompetanse enn det me gjorde før me starta. Me forstod kvar feilen låg og kva som måtte til for å betre det til neste gong. Me blei med andre ord meir bevisste på korleis me skal vurdere samansette tekstar noko som kjem godt med i undervisning med elevar. Samspelet mellom musikk, bilete og lyd, relevante bilete/illustrasjonar, og om eleven beherskar det mediet som blir valt er moment som eg vil vere meir bevisste på med tanke på å vurdere elevane i dette (Harboe, 2008:78).






Her er "animasjonsfilmen":


 


______________________________________________________

Harboe (2008): Norskboka. no - Digitale verktøy i norskfaget. Universitetsforlaget, Oslo.

Blogg som digital læringsarena

Dette vårhalvåret har eg fått ansvaret i å undervise 6. og 7. trinn i naturfag ved Åmås friskule. Dette har vore svært lærerikt og utfordrande sidan eg har fått ein del ansvar. Likevel så har desse frie tøylane gjort meg meir bevisst på kva god klasseleiing omhandlar. I tilegg til dette så har eg hatt moglegheita til å kunne prøve ut det eg har lært i DKL og teorien i dette studiet er så absolutt mykje lettare å hugse når ein får smake på det sjølv i praksis.

Dette vårhalvåret har eg valt blogg som digital læringsarena. Eg har oppretta ein fagblogg i naturfag der elevane (men også eg) publiserer det som blir gjort i timane. Elevane får utlevert ei problemstilling som dei må drøfte i gruppa og dermed utføre ein aktivitet. Deretter får dei ulike oppgåver av meg som dei skal svare på skriftleg i blogginnlegget. Dei skal også bruke digital stillbilde kamera som ein form for dokumentasjon av det arbeidet som blir gjort.  

Her er linken til elevgruppa mi: fagblogg i naturfag

Eg tek dette i bruk i undervisninga fordi eg trur det er ei metode for auka læring. Nettstaden blir brukt for å informere, gje beskjedar og tilbakemeldingar. Materiellet blir lagra på nettet og fungerar som pedagogisk dokumentasjon for meg som lærar, men også for elevane.Fordelen med å la elevane vere produsentar for arbeidet er at kvar enkelt lettare kjem fram i undervisninga. Det kan vere lettare for dei å ta kontakt med meg når dei får kommentarar på innlegga sine. Når elevane jobbar på denne måten har alle med seg sin eigen kunnskap frå forskjellige læringsmiljø eller sosiale arena og dei mottek ny kunnskap frå andre gjennom samarbeid, dialog og trening (Karlsen & Wølner, 2006).

_________________________________________________

Karlsen, A.V & T.A Wølner (2006): Den femte grunnleggende ferdighet .Portefølje og digitale mapper - et sted for læring. Gyldendal norsk forlag AS